Tekster

Sande, Jakob

Då Daniel drog

Elektronisk tekst

Form og innhold

I dette diktet, publisert i diktsamlinga Guten og grenda, 1945, møter vi, slik som i Vinjes Faderen til den heimanfarande sonen, småkårsfolk under tøffe livsvilkår. Mor og far, sender frå seg sin kjære ungdom ut til ein ukjend lagnad. Begge desse tekstane, langt på veg sjølvbiografiske, er på eit klangfullt nynorsk. Sandes tekst er visuell, poetisk og forteljande, kortfatta og monumental, i forma nesten hoggen og meisla til som ei folkevise. Den unge personen, ubunden av kjønn, skal lausriva seg frå foreldregenerasjonen. Kva sender den vaksne med den unge på livsferda? Teksten treng inga stor utlegging, enkel som han er i si vesle historie. Den er som eit snapshot i tida, vi ser eit portrett av bygdeguten som skal til sjøs, truleg meir fordi han enn av eventyrlyst.

Det er meir enn mat desse foreldra sender med guten sin. Her er tanken på å sikra den dyrebare inntekta, representert ved faren, og her er omtanken for at guten skal halda seg varm og mett og ta seg bra ut, alt representert ved mora. Å skiljast frå søsken er også eit tema. Og der er ei lita ”Solveig” i Daniel sitt liv, den heilt spesielle som lovar å venta trufast. Og ikkje minst: På heidersplassen i reisekista ligg salmebok og testament. Og lyser.

Det enkle vesle diktet er stort i at det rommar og peikar på alt som er vesentleg i det den unge treng som bagasje i livet: ein materiell basis, omsorg, vilkårslaus kjærleik, eit trusgrunnlag.

For alle som skal veksa opp, ligg eit hav og ventar. Overgangar mellom livsavsnitt inneber både lykkeleg lausriving, frigjering og ‒ smerte.

Har din glade lått med gråt seg blanda?
No er timen komen, Daniel!
Havet kallar på deg, kom med handa.
Vesle Daniel, farvel, farvel!

Sande vart lektor i Oslo, men "Vesle Daniel var den av Sandes litterære figurar som stod forfattaren nærast" (Eide, 2006, s. 351). Denne teksten, om eit hav som kallar på oss alle, har det til felles med Sande-teksten ”Det lyser i stille grender”, som vart til salme og like folkekjær, at forma er nær sagt lytefri, og forfattaren kombinerer på sitt typiske vis dei heimlege og kvardagslege detaljane under svært lokale forhold med det djupaste universelle livsalvor. Det er den heldige samklangen mellom form og innhald som maktar å røra ved oss og skapa bilete av ”erindring”.

Kva sender vi med dei unge på livsferda? Den unge generasjonen treng oppseding. Det gjer kanskje også vaksengenerasjonen i ei viss forstand, mellom anna gjennom eksempel som rører, byggjer opp, varer ved.

Temaer

Omsorg, Ubetinget kjærlighet (nestekjærlighet), Tro

Supplerende kunstverk

Bilder:

Vesle Daniel-skulpturen i Dale i Sunnfjord.

Filmer:

Musikk:

Vatne, S. (1993). Vesle Daniel. I: S. Olsen og H. Myklebust, Syng livet: Allsangbok for hele Norge (nr. 121). [Oslo]: Noregs kristelege folkehøgskolelag. Tekst med besifring er tilgjengelig på Nortabs.

Vatne, S. (1997/2007). Vesle Daniel [CD]. I: Frem fra glemselen kap. 18 (spor 4). Nidelven Grammofon/Universal NCD 0701.

Tekster:

Vinje, Aa. O. (1861/1975). Faren til den heimanfarande sonen. I: Blomar veks i såret. Dikt i utval ved Olav Vesaas (s. 18–21). Oslo: Den norske Bokklubben.

Tilgang og referanser

Sande, J. (1945/1998). Då Daniel drog. I: Dikt i samling. Ny og auka utgåve med etterord av Einar Økland (s. 292–293). Oslo: Gyldendal. NB Digital .

Eide, O. (2006): Jakob Sande: Liv: Dikting. Oslo: Det Norske Samlaget

Erfaringer

Hvis du har erfaringer med det som er beskrevet her eller har assosiasjoner til andre kunstverk, eller hvis du ser feil og har kommentarer: Send e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beskrivelse

ved Ragna Ådlandsvik 21.03.13. Sist revidert 24.06.13